Kristendemokratisk ideologi i møte med kvardagsutfordringar

Kristendemokratisk ideologi i møte med kvardagsutfordringar

Kristendemokratisk ideologi i møte med kvardagsutfordringar

(Dette manuset byggjer på foredrag i KrF sin landskonferanse 1. febr. d.å.)

Positivt å reflektera over dei føresetnader som kan visa samanheng med og etterprøva den konkrete politikken. Ideologi er både drivkraft, vegvisar og kontrollør. Det følgjande er utval av utfordringar eg møter, fleire kunne vore med.

Karl Johan Hallaråker

Karl Johan Hallaråker er sentralstyremedlem i KrF

 

1) DEN TREDJE VEGEN HAR FLEIRE KJØREFELT

Partinamnet har to varemerke – Kr for kristeleg og F for folkeparti. Det gjev høve både til bredde og profil. KrF er eit fargerikt og profilert fellesskap. Grunngjeving for politisk engasjement er mangslungen. Ideologien har også fleire spor – frå sentrum-høgre i CDU, sentrum-venstre (mest venstre) i Latin-Amerika, til den skandinaviske modellen med Kjell Magne Bondeviks presisering: “Kristendemokrati på norsk”. Om eg ikkje hyller alt hos Angela Merkel og CDU, skulle eg gjerne kopiert deira understreking etter poengteringa av sitt kristne menneskesyn: “Unsere Politik beruht auf dem christlichen Vaerstendnis vom Menschen und seiner Verantwortung vor Gott. (Vår politikk bygger på det kristne menneskesynet og mennesket sitt ansvar overfor Gud.)

Den tredje vegen viser kursen mellom andre ideologiar der kristendemokratiet sin bruk av personalismen set individet i relasjon til andre. (Sjå m.a. den jødiske filosofen Martin Buber og hans hovudverk “Ich und Du” (Eg og du).)

Den tredje vegen kan også uttrykkja den vegen inn i politikken som Kjell Magne Bondevik uttrykte det i VL, 1991: “Den moralsk-etiske dimmensjonen. “Vi skal ikke la oss innpasse i andre partiers virkelighetsoppfatning,” var hans utsagn. Min metafor om fleire kjørefelt er meint å understreka – vi bør ikkje bekjempa kvarandre sitt kjørefelt, men leggja til rette for at vi følgjer same hovedveg – utan veisperring for andre i same kjøreretning. KrF må arbeida for å finna gode løysingar i sentrum, utan å enda som eit smalspora nisjeparti. Vi er folkepartiet! Høgre-venstreskalaen er ikkje KrF si inndeling. Difor kan partiet også samarbeida begge vegar.

Kristendemokratisk ideologi legg vekt på allmenn politisk argumentasjon. Det er viktig både prinsipielt og strategisk. For å kunna operera i eit landskap med folk av ulik ideologi, er det viktig at vi har eit så vidt mulig felles forståeleg politikkens språk. Men vegen fram til den politiske overtydinga kan gå langs ulike spor – alt etter kva tradisjon ein er vaksen opp i. Er allmenn argumentasjon og bruk av naturretten viktig, er det også viktig at vi tydeleggjer våre etiske premisser og resonnement for verdimessige politiske konklusjonar. (Naturrettstenking er heller ikkje eksakt og opplagt vitskap der alle svara er innlysande like.) Begge regimenta er jo Guds regimente. Kristendemokratisk ideologi samlar seg om viktige kjerneord – menneskesyn, nestekjærleik og forvaltaransvar. Eit knippe honnørord utan premisser kan vera veleigna til intellektuell salongdiskusjon, men blir aldri vegen for mange inn i eit folkeparti. Eg ønskjer med dette å bidra til eit inkluderande og profilert parti i truskap mot sine røter og med evne til stadig fornying.

Mitt poeng er dette: Vi må inkludera ulike miljø sine verdigrunnar for å engasjera seg politisk i KrF. Både dei som ønskjer å støtta partiet av konkrete saksgrunnar og dei som ønskjer å fremja konkrete kristne verdiar i samfunnet, må vera velkomne. Vi har ingen å mista – heller ikkje dei som argumenterer meir teologisk enn naturleg for dei fleste. Så må vi alltid halda vår sti rein mellom teokrati og sekularisme.

Så må vi erkjenna som Nordgaard Mortensen sa det i Oslo i haust: Bruk av omgrepet “kristendemokrati” hjelper ikkje på alt. Danmark endra partinamnet til kristendemokratar. “Operasjonen var vellukka, men pasienten døde.” Partiet fall ut av folketinget.

 

2) DEMOKRATIET ER MEIR ENN FLEIRTALSSTYRE

Demokratiet sitt kjenneteikn seier ein er “korleis en steller seg med sine mindretal”. Det er mykje sant. Men det er viktig å sjå på korleis ein forstår demokratiet – folkestyret – reint prinsipielt. Folkestyret har jo ikkje minst kristent insitament. Både Athen og Rom hylla elitestyre. Det kristne folkestyret er grunngjeve i det enkelte mennesket sin eigenverdi. To posisjonar for demokratiforståing treng vi reflektera over: (Inspirert av Carsten Hjort Pedersen, RESPEKT – om åndsfrihet idag, 2013)

  1. Demokrati er eit sett spelereglar for folkestyre, ein måte å styra landet på – i motsetning til oligarki, diktatur, eineveldig monarki eller andre styreformer. Hos oss er maktfordelingsprinsippet nø
  2. Demokrati er også – og meir – ei livsform, som er eigna til å verna det menneskelege fellesskap.

Dette er eit viktig poeng for kristendemokratisk ideologi. Jfr Jonas Nordgaard Mortensen i hans bok om personalismen, Det fælles bedste:

For personalismen er det grundlæggende i demokratiet samtalen og respekten og forståelsen for andre mennesker. Demokrati er ikke først og fremst flertallsafgjørelser, men en livform, et samfundssind, en måde at tænke på og forholde sig til andre på.” (J N Mortensen Det fælles bedste, s 69)

Sjølvsagt må mindretal respektera at fleirtal gjer sine vedtak og innfører sine lover, men mindretalet skal alltid ha høve til å argumentera og kjempa for at mindretal kan bli fleirtal. Og ein ting til, sitert etter CH Pedersen, ibid: “Men hvor den første demokratiforståelse begrunder mindretalsretten i, at flertallet (allernådigst) giver mindretallene nogle frihedsrettigheder, begrunder den anden forståelse mindretalsretten i, at den er strengt nødvendig af hensyn til fællesskabet.” (s 50)

Her er ei formidabel oppgåve for eit kristendemokratisk parti – å legga til rette for ein i sanning tydeleg og innkluderande politisk “åndskamp” der meiningar kan brytast, fleirtal respekterast og mindretal ikkje krenkast. (Åndskamp er her noko anna enn kristen åndskamp i det åndelege regimentet). Mennesket er unikt fordi det er eit åndsvesen.

Kampen mot vedtak og lover ein ikkje ønskjer, kan førast på to plan – som ikkje utelukkar kvarandre. Fire døme frå andedam:

Abortlova, Ekteskapslova, Reservasjonsretten, Søndagsopne butikkar. Det siste er det fleirtal imot i folket.

Det har vore vanleg å tenka at KrF syner fast haldning, dersom ein i kvart Storting fremjer sitt eige lovforslag mot t.d. abortlova. Om ikkje, er dei på glid bort, er skuldingane! Det kan vera korttenkt strategi så vel som snever demokratiforståing! Det kan faktisk vera lettvint for både dei som innad er usikre eller usamde, så vel som for fleirtalet i Stortinget. Det fører jo ikkje til endring.

Eg skal ikkje heilt avvisa den strategien som delløysing. Men eg peikar på at i kristendemokratisk ideologi og demokratiforståing, er ein annan strategi faktisk enno meir viktig: Arbeida for og argumentera inn i folkeånda for ein annan konklusjon enn den rådande tidsånda. Berre lovforslag og premisselause konklusjonar som stangar mot muren, kan i vise tilfelle berre bekrefta stigmatisering. Kristendemokratisk ideologi i møte med utfordringane i verdilover vi er imot, tilskundar oss å gjera kvarandre dyktige til å argumentera for kvifor vi meiner lovene bør endrast. Dette er det eigentlege politiske svennestykket på desse felta.

Denne offentlege diskusjonen høyrer heime både i det politiske rom, men og i “det åndelege regimentet” som viktig premisseleverandør. Her er det på plass med eit viktig momento: Kristne grupper som trur at det er eit politisk parti som kan redda kristendommen i landet, tek grundig feil og treng prinsipiell rydding i si røyndomsforståing.

Saka om reservasjonsrett for helsepersonell kan bli ei slik større sak som kan hjelpa oss å få fram både demokratiforståing, åndsfridom og toleranse i samfunnet. Her er enno mykje upløyd mark. Kampen mot reservasjonsretten har så langt synt at sekularismen på begge sider av høgre-venstre skalaen og den prinsipielle relativismen og liberalismen tåler alt – berre ikkje anna overtyding! Verdirelativisme står i motsetning til åndsfridom! Åndsfridom er meir enn passiv toleranse med sin aksept. Åndsfridommen respekterer og verdset!

 

3) FAMILIEN ER SENTRAL I KRISTENDEMOKRATISK IDEOLOGI

 

Her er mange moment vi er samde om i KrF, men det er meir å seia. For tida er det ikkje noko tema eg får meir henvendelser om enn dette spørsmålet.

Ekteskapet er frå eldgamle tider ei ordning mellom mann og kvinne. Om forståinga mi er henta frå Bibelen, argumenterer eg gjerne ut frå naturretten og personalismen. Omgrepet ekteskap har sitt innhald nettopp i relasjonen mann-kvinne-barn som sjølve utgangspunktet for familien og dei kulturelle konsekvensar som følgjer. (Jfr m.a. professor Bernt Oftestad, Kronikk i Dagen vedk Erik Lundes bok).

Men er ikkje dette passe’, og vi aksepterer alle familieformer som like slik ein gjerne presenterer Bondevik II og familieminister Laila Dåvøy si stortingsmelding med følgjande familiepresentasjon: “Familien omfatter ektepar med og uten barn, samboere med og uten barn, homofile par med og uten barn, aleneforeldre som bor sammen med barn, samværsforeldre, foreldre med fosterbarn, og enslige, aleneboende med mer…”

Her trengst presisering: Vi må skilja mellom normativ familieforståing og den meir deskriptive. Her kan vi også henta hjelp frå CDU om familieforståing: “Sjølv om ekteskap er kristendemokratiet sitt ideal for samlivet mellom mann og kvinne, respekterer også CDU beslutningane til dei som har valgt andre samlivsformer for å leva det livet som passar dei.” Altså: Før dei går for aksept for andre sitt syn, presiserer dei altså tydeleg eigen normativ posisjon! Det synest eg er førebiletleg!

Her presserer eg gjerne eit tillegg: Det er prinsipielt heilt rett at samfunnet også har juridisk lovverk for dei som lever i homofile og lesbiske forhold. Men ekteskap er noko anna.

Nær familieforståinga ligg også retten til oppseding av born i samfunnet. Barnehage og skule er forankra i foreldreretten, ikkje kristenretten. Her står kristendemokratiet i front både mot Frp som berre vil ha kristne friskular, og sosialistane som meiner skulen byggjer på staten sin rett (!) og seier dermed nei til frie skular. Oppseding byggjer på foreldrerett, korkje kristenrett eller statsrett. Og eit moment til: Kristendemokratiet snakkar opp lærarane si oppseding, og i dag søkjer ein å kvalifisera skule og læarar betre på det verdimøtet som er i samfunnet! Her kan det vera opplysande å studera kva som hende under 2 verdskrigen. Nazidepartementet i Noreg sende ut eit brev som sa at staten var høgste instans for alle borgarar i alle ting. Dokumentet Kirkens Grunn svara kontant: xxxxxxxxx

 

4) RELIGIONS- OG LIVSSYNSFRIDOM ER YTRINGSFRIDOMMENS TESTSAK 

Det var ikkje skrive over mi vogge i Hardanger at eg ein dag skulle seia: Je suis Charlie! Men vi kjem ikkje forbi dette poenget når vi har kristendemokratisk ideologi i relasjon til aktuelle saksfelt som tema. Igjen CH Pedersen: “Fordi vi kun er mennesker – tilmed ufuldkomne mennesker – må det være frihed til at modsige alting. Det skal alle fundamentalister se i øynene og affinde seg med – og så er de vist ikke fundamentalister mere.” Her tar han poenget på kornet: Motseiingssretten, er nøkkelen mot alle former for fundamentalisme. CH Pedersen siterer den amerikanske musikeren John Cohen: “Den mand, som var den første til at bruge en strøm af ord imot sine fiender i stedet for en kølle, bør betraktes som civilisasjonens grundlægger.” (ibid 58)

(Sjå KrFs innstilling frå utvalet som eg leia.NOU 2013: 1 Det livssynsopne samfunn (Stålsettutvalget) Her er også mykje viktig refleksjonsmateriale)

Kristendommen har to spor i vårt land: Trussamfunnsporet, og kristendommens sivilisatoriske betydning, uttrykte biskop Finn Vagle i debatten etter NOU’en blei lagt fram. Her har vi det jordsmonnet som gjev oss hjelp til å fremja åndsfridom og toleranse i vårt samfunn. Minner om utsegn av tidlegare datadirektør Georg Apenes i avskilsintervju i Aftenposten: Vi treng eit fast punkt å tolerera ut frå. Eg håpar at KrF i Stortinget pusjar på at denne saka ikkje døyr i Widvey si skuffe. Då hadde ho kanskje forstått at fremjinga av søndagsopne butikkar er kulturvandalisme som krenkjer åndsfridommen. Mitt råd til kulturministeren er: Bytt papir i skuffa: Søndagsopne butikkar ned. Nou 2013:1 opp!

Det kompromisslause vernet om ytringsfridommen kombinert med respekt for andre si overtyding og nei til mobbing er for meg naturlege stikkord ut frå kristendemokratisk ideologi.

Åndsfridommen er idag under press frå mange hald:

  • Den islamske ekstremisme ser vi dagleg i media.
  • Den prinsipielle sekularismen på motsett side. Klare døme er Frankrike. Nicolas Sarkozy: “Kristne,jødar, muslimar og truande uansett tru, må altså avstå frå å stilla deira religion fram og unngå Dei må praktisera deira religion i audmjuk diskresjon.” Etterfølgjaren Francois Hollande er på same spor. Liknande uttalar har vi høyrt frå tidlegare dansk statsminister og Nato general Fogh Rasmussen. Same ånd ser vi i Sverige ikkje minst i skulepolitikken.
  • Press mot åndfridommen ser vi også i den prinsipielle relativismen som avlyser spørsmålet om sant og falskt på postmoderne vis. Postmodernismen gjer alle ting til eit spørsmål om fortolking. “Sant for deg, løgn for meg.”
  • For det fjerde er åndsfridommen under press frå ytterste høgre/venstre og nasjonalismen. (Samanblandinga av nasjonalisme og russisk ortodoks teologi er mørke skyer i vår tid.)

 

Kva er så vårt svar?

Igjen Hjort Pedersen: “Open munn – lukka hand! – Motstandsretten med ord, ikkje sverd!

Denne profilen er naturleg idag, sjølv om det er klart brot både med Tomas Aqunas og den franske opplysningsfilosofen Jean Jeacques Rousseau. Aquinas seier det slik: “Kjettere bør ikke alene fjernes fra kirken ved ekskommunikasjon, men også fra denne verden ved henrettelse.” Pengeforfalskarar utset kroppen, medan kjettarar forulemper sjela, var hans resonnement. Hans naturrettstenking hadde altså fleire minus. Erik Lunde utnemner han til den første kristendemokrat, ja kanskje det. Men han bør ikkje få æresmedlemskap! Naturretten hos Tomas innebar altså ikkje retten til frie trusval! Luther var av anna meining her. Hans poeng var at “kjettarar er ikkje styremaktene, men biskopen si sak. Altså innan det åndelege regimentet. (Augustana 28 burde forresten fleire studera grundig – og bli vis!) Rousseau var på samme spor som Tomas: Han meinte at religiøst eller politisk overtydde menneske ville finna det umogeleg å leva i fred med dei ein meinte var løgnarar og på villspor. Enten måtte ein tvangsomvenda dei eller i det minste setja dei i fengsel. Her var det Rousseau som var på villspor etter kristendemokratisk verditenking og åndsfridom.

Vern om trusskifte er fundamentalt, og retten til å kritisera tru og livssyn som alle andre ytringar! Åndsfridom handlar både om å verna motseiingsretten, og å øva seg til å tola motseiing. Åndsfridomen har alltid ein pris. Det same har har også mindretalsretten. Den islamske konferanse (OIC) har fleire gonger fremja forslag om eigne menneskerettar der FN blir bedt om å seia nei til religionskritikk. Ein vil beskytta religionen i staden for dei menneske som blir krenka i religionen sitt namn.

Eg kan ikkje seia meir om dette her enn at slik eg forstår kristendemokratisk tankegang, kan vi aldri støtta slik intoleranse. Vi bør heller ta bort eigen blasfemiparagraf for å ha eit klart våpen mot alle former for sharia, og krystallklart hevda all ytringsfridom og religionsfridoms testspørsmål: Retten til og vernet av trus- og livssynsskifte! Dette må gjelda i Vesten, men vi må også utfordra muslimsk dominerte land på det same!

Her ville det vore naturleg å ta inn eit avsnitt om religion og livssyns spørsmål i bistandspolitikken og internasjonalt samarbeid. Kort sagt: Kristendemokratisk ideologi opererer med heile menneske – mennesket er eit åndsvesen – då høyrer også tru og livssyn med. Sekularismens mantra har altfor lenge styrt bistandspolitikken og vore til hinder for ny kurs og løfte av menneskeverdet for mange i store delar av verda – særleg kvinner, born og funksjonshemma. Kristendommen gav verda eit nytt menneskesyn, skreiv Hanne Skartveit for nokre laurdagar sidan. Bistandsarbeidarane burde oppdaga det. Det gjeld ikkje berre i det åndelege regimentet, men også i det verdslege. Kristendommen gav alle menneske likeverd – kvinner som menn, uavhengig av alle andre attributtar. Møtte problematikken i eit muslimsk land: Kvifor satsar de på utdanning og arbeidstrening for kvinnner og funksjonshemma? Mitt svar: Det kristne menneskesynet og alle sitt likeverd!

 

5) TRENG MENNESKESYNET, NESTEKJÆRLEIKEN OG FORVALTARANSVARET EIT TILLEGG?

 

Det kristne menneskesynet, nestekjærleik og forvaltaransvar er ikkje berre kristendemokratisk ideologi, men faktisk vår kulturs fundamentale liv. “Kristendommen gav verden eit nytt menneskesyn, siterte eg nettopp etter Hanne Skartveit. Det bør ha konserkvensar på dei fleste (for ikkje å seia alle) politiske område. På alle felt må vi halda fram: Det er mennesket det gjeld!

Eg vedkjende meg Je suis Charlie. Eg gledde meg over alle statsleiarane i Paris. Men eg kan ikkje nekta at eg kjende på ein indre smerte: Kvifor såg vi ikkje dei same statsleiarane i Nigeria der hundrevis av kvinner og jenter blir bortførde av Boko Haram, torturerte og selde som sexslavar? Kampen for menneskeverdet må alltid reisa seg der dei svakaste blir krenka. Difor også Je suis dei 31 sivile israelarar som nyleg blei drepne av palesinske terroristar. Dei same terroristane blei hylla av Abbas som martyrar!

Sist tysdag var den internasjonale Holocaustdagen. Vi veit at kampen mot antisemittismen – ja også “antipalestinismen” er akuell framleis i Europa. Samanblandinga av religion og politikk og nasjonalisme er på frammarsj i Russland og Tyrkia. Nasjonalismen som foreiner ytre venstre og ytre høgre i Hellas kan også forundra.

Til slutt til spørsmålet: Treng vi eit tillegg til våre tre Bibelforankra grunntankar – menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar ? Etter mi vurdering: JA – “rettferd for alle”. – Viktig også om vi vil fullføra allmenn argumentasjon. Nestekjærleik er jo eigentleg eit bibelsk omgrep. Den bibelske grunntanken om å visa omsorg for alle er i politisk språk eigentleg spissare: Utøva rettferd for alle. Her er eit viktig poeng for kristendemokratisk ideologi – til aldri å bli politisk korrekt – men stadig vera det vakne samvitet – som søkjer rettferd for alle – lokalt, nasjonalt så vel som globalt. Det er i dag strid om 1% til bistand, Hadde det ikkje vore meir forståeleg om striden var om 10%?

Så eit direkte råd til Stortingsgruppa: Utvikla ein ny bistands- og utanrikspolitikar med autoritet, fagleg tyngde – og ikkje minst tid og engasjement for bistands- og utanrikspolitikk.   Å bekjempa internasjonal fattigdom dreier seg ikkje berre om budsjettkroner. Å utvirka fred der krig og uro øydelegg menneske si framtid, krev meir enn fromme politiske ønskje! Storting og regjering treng kort sagt ein/ei ny Hilde Frafjord Johnsen!!!! Det er mennesket det gjeld!