Chesterton - Den reaksjonære progressive journalisten

Chesterton – Den reaksjonære progressive journalisten

I ei tid prega av teknologiske omskiftingar og velferdsutfordringar kan vi lære mykje av dei britiske distributistane som reagerte på den industrielle revolusjon ut frå kristne verdiar. Det er på tide å hente fram att G. K. Chesterton.

Den reaksjonære progressive journalisten

Dei siste åra har Chesterton rykka nærmare nordmenn gjennom TV-skjermen. Kvar laurdag ser hundretusenvis av sjåarar den nysgjerrige presten Fader Brown løyse mordmysterier i ein liten britisk landsby. Sjølv om dette er det Chesterton er best kjend for, har vi meir å hente av han i måten han forsvarte og brukte katolsk sosiallære i sin reaksjon på dei økonomiske skifta i Storbritannia på 1800-talet.

11140123_10205244585688939_5914072699077892177_n

Tore Storehaug (f.1992) jobber som politisk rådgiver for KrF i Oslo bystyre og er visepresident i YEPP. Foto: Privat

I si samtid var nok Chesterton best kjend som ein journalist med sterke meiningar. Han var den sterkaste kritikaren i samtida av den britiske boerkrigen i Sør-Afrika, og skreiv fleire sterke bøker som angreip «eugenikken» – altså tanken om å skape supermenneske gjennom medisin-, sosial- og rasepolitikk. På begge desse felta blei han i si samtid kritisert for å vere konservativ og reaksjonær – medan historia har vist oss at kva som er progressivt og kva som er reaksjonært handlar om å legge dei rette verdiane til grunn, slik Chesterton gjorde medan rasetankegangen og koloniveldet blei overvunne. Eit av den prinsippfaste katolikken sine eigne sitat seier dette på ein god måte; «progress is a comperative of which we have not settled the superlative» (Heretics, kapittel 2). Chesterton tok avstand frå trenden hos liberalistar til å hevde at det som er progressivt er det same som samfunnet sin trend, på same tid som han avskydde tanken om å bevare noko for å bevare det. Derfor kan ein jo seie at Chesterton sine meiningar om boerkrigen og eugenikk var reaksjonær – men fordi han stod opp for verdiar og eit menneskesyn som var tidlaust så var han på same tid ein ekte progressiv tenkar.

Paradokset i at Chesterton både var reaksjonær og progressiv passar han både fordi det stemmer og fordi det er eit paradoks. Stilen til Chesterton er dominert av denne typen tankekors der han får to ting som verkar som ei motsetning og viser at begge eigentleg er sanne. Dette kjem tydeleg fram m.a. i korleis han forklarar nestekjærleiksbodet: «Bibelen fortel at vi skal elske vore naboar, og at vi skal elske vore fiendar; truleg fordi dei generelt er dei same folka». Det var denne stilen som har inspirert m.a. C. S. Lewis, som dessutan blei «intellektuelt frelst» av boka «Det evige menneske» (som nyleg er oppdatert og utgitt på norsk ved Luther forlag).

Big Society og distirbutisme

Chesterton sine politiske tankar set tydelege føringar for eit økonomisk system. Saman med det liberale parlamentsmedlemmet Hillaire Belloc utarbeida han ein distributisme som stod i kontrast til dei rådande –ismane på 1800-talet. Distributismen hevdar at både (stor)kapitalisme og (stats)sosialismen tar feil i utgangspunktet. Der kapitalismen legg opp til ein stor konsentrasjon av eigedom hos nokre få, vil sosialismen fjerne den for alle. Big Business and State Socialism are very much alike, especially Big Business (G.K.s Weekly) Distributistane hevdar derimot at målet er å distriubere eigedom best mogeleg. Kvar mann sin fridom var sikra dersom han hadde three acres and a cow.

Seinare kristendemokratar, liberalarar og konservative har latt seg inspirere av dette idealet. Willhelm Röpke, økonomen bak Ludvig Erhard sin sosiale marknadsøkonomi, brukar Chesterton til å kritisere storkapitalismen han opplevde i USA etter krigen. Röpke meiner denne forma for marknadsøkonomi er for dominert av store aktørar, noko som fører til ei einretting av økonomien og eit samfunn der menneske blir definert ut av at dei konsumerer dei same, einsformige produkta. Distributismen hevdar derimot at spreiing av eigarskap er eit gode fordi mindre aktørar skapar eit mangfald og at innbyggjarane i eit samfunn kjenner ansvar gjennom at dei eig. Chesterton sitt mest kjende sitat seier dette godt gjennom eit paradoks: «To much capitalism does not mean too many capitalists, but too few capitalists» (The Uses of Diversity).

Alle som trur denne kritikken av kapitalismen plasserer Chesterton på det vi tenker på som venstresida tek feil. Chesterton sin kritikk av statlege reguleringar er minst like sterk, fordi staten i seg sjølv er ein stor aktør som skapar einsretting og fjernar eigedom og ansvar. Chesterton var sterkt inspirert av den framveksande katolske sosiallæra som forsøkte å gje eit anna svar på dei sosiale utfordringane i eit industrielt samfunn enn kapitalisme og sosialisme. Kristendemokratar i dag bør merke seg korleis han let subidiaritetsprinsippe gjelde like tydeleg for alle sfærer i samfunnet; både staten og marknaden skal ha små aktørar og mangfald.

Kva har han å seie for oss?

Kanskje er det distributismen sine ikkje-materialistiske ideal som gjer at dei skil seg både frå sosialismen og kapitalismen. Dette gjer og at Chesterton er ein interessant tenkar i dag. I etterdønningane av finanskrisa blei distributismen henta fram att i Storbritannia. I ei tid der politikarane ikkje hadde pengar og derfor ikkje kunne gå til val på å overby kvarandre om velferdsløft minna David Cameron sin ide om eit mykje om distributismen. Makt skulle frå staten til dei mange små fellesskapa som saman skapte det store samfunnet. Labour sin tredje veg med meir stat og meir marknad fekk svar av chesterton inspirerte Phillip Blond som gjennom boka Red Tory slo eit slag for delt eigarskap og meir mangfaldige fellesskap.

Det norske kristendemokratiet ser ofte bakover til Hauge når vi skal finne svar på kva som er god økonomisk politikk. Hauge var ingen politikar – og med unntak av at det bør vere grenser for politisk makt er det vanskeleg å avlese politiske løysingar direkte frå Hauge. Derimot er det tydeleg at han var ein praktikar som lot seg inspirere av eit menneskesyn og nokre verdiar. Eit kristendemokrati som byggjer på eit kristent menneskesyn byggjer og på at menneske er skapt i Gud sit bilde. Det følgjer av dette at når vi er skapt i Skaparen sitt bilde har vi og ei ibuande skaparevne som seier noko om kva det vil seie å vere menneske. Chesterton sine ideal om å spreie eigedom framfor å la store bedrifter og store statar behandle oss som «liveigne» gir kjøt på beinet om korleis vi kan skape ein velferdsmodell der mennesket si skaparevne kan få blomstre. I ei tid der teknologien tvingar fram delingsøknomiske løysingar og eldrebølgja set statsfinansane under press bør vi derfor la oss inspirere av dette idealet.

 

Foto av Chesterton: Wikimedia.org