Lat oss snakke om krigen

Lat oss snakke om krigen

Krig er kanskje den største krenkinga av menneskeverdet som eksisterer. Fleire kristendemokratar burde rope varsku når det kjem krav om bomber, våpen og granatar.

Emil Andre Erstad

Emil André Erstad er leder i KrFU

Ein av dei viktigaste og sterkaste prinsippa i kristendemokratiet ser ut til å vere kampen for livet og livet sin ukrenkelege verdi uansett menneska sine eigenskapar eller handlingar. Vi ser det i livsvernkampen, i kampen for verdas fattige, rusavhengige og i den prinsippfaste motstanden mot aktiv dødshjelp og dødsstraff. Eg saknar eit sterkare engasjement for det ukrenkelege menneskeverdet i spørsmålet om krig – det mest alvorlege spørsmålet eit samfunn må ta stilling til.

Kristendemokratiet i fredsrørsla

Krig vert fort noko teknisk. Noko langt borte. Krig er tanken om noko som kan «ordne opp» når politikken har feila, diplomatiet har utspelt si rolle og den grufulle massakren står for døra. Krig er ord som intervensjon, angrep, forsvar og militært materiell. Krig nemner ikkje død, øydelegging, døde søner og fedre eller endelause år i flyktningleirar. Altfor ofte blir krigen framstilt som ei løysing, sjølv om den er eit grusomt middel som kanskje berre i nokre tilfelle kan føre til ei løysing på konflikten, undertrykkinga eller den humanitære katastrofa. Minst like ofte er dessverre krigen ein problemskapar og øydeleggjar – og ofte får nokre palestinaskjerf-kledde kommunistar på venstresida stå åleine og protestere mot den.

Denne teksten er ikkje eit forsvar for pasifismen, men det er i kristendemokratiet sin tradisjon å stoppe opp når (verds)samfunnet ropar på krig, slik vi for eksempel gjorde då USA bad om norsk støtte til den amerikanske invasjonen av Irak i 2003. Den gongen sa kristendemokrat og statsminister Kjell Magne Bondevik nei. KrFU og KrF sa nei – trass i sterke krefter som ville inn for å bekjempe det brutale regimet til diktator Saddam Hussein. Vi sa nei fordi ein meinte at kriteriene for rettferdig krig ikkje var oppfylt. Denne teksten er eit rop om at vi kristendemokratar bør gjere meir for at Norge berre skal krige på rettferdig vis.

Kjensler mot fornuft

Det er lettvint å la kjenslene ta overhand når vi får høyre dei grusomme historiene frå slagmarkene. Slik som når ISIL legg ut videoar av grufulle avrettingar på sosiale medier, der dei halshogg journalistar og steinar kvinner. Det var ein av desse videoane som fekk begeret til å renne over for nestleiaren i Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget nyleg, Kristian Norheim (Frp), då han skreiv følgjande på Facebook: «Jeg finner ingen ord som kan beskrive godt nok hva jeg føler når jeg leser om slikt. ISIL er en gjeng brutalislamister som må knuses fullstendig. En slik gjeng med udyr kan ikke omskoleres. De bør få sin velfortjente straff her og nå og deretter ber jeg om og håper at de til evig tid brenner i helvete. Amen.»

Slike kjenslemessige utbrot er forståelege, sett i samanheng med den ekstreme valdsbruken til terroristane i Syra og Irak. Slike utbrot er likevel veldig lite egna som grunnlag for å ta avgjersler om å sende soldatar, fly og våpen til ei krigssone. Kjensla av at urett blir begått er i seg sjølv ikkje eit legitimt argument for å gå til krig, sjølv om det alt for ofte vert brukt som nettopp det. Når folk skriv i sosiale medier at «vi må slå hardt tilbake mot terroristene», verkar det som om det er meir hevnlyst enn tanken om rettferdig krig som gjer seg gjeldande.

Rettferdig krig

Den sterke kjensla til å stoppe uretten som blir begått må aldri føre til at vi inngår kompromiss om menneskeverdet. Derfor bør dei seks kriteria for rettferdig krig, utvikla av Thomas Aquinas og seinare Hugo Grotius, vere det avgjerande for alle avgjersler om krig som skal bli tatt av norske kristendemokratar i Stortinget. Desse prinsippa får ei nyansert og god behandling av Erik Lunde i hans nye bok om kristendemokratiet, og kan kort oppsummerast som følgjande:

  • Det må vere ein rettferdig årsak for å gå til krig.
  • Staten sine intensjonar for å gå til krig må vere rettferdige.
  • Ein stat kan berre gå til krig dersom avgjersla om bruk av militærmakt er avgjort av rettmessige styresmakter og avgjersla er gjort kjend for befolkninga og i staten eller statane ein skal bruke militærmakt mot.
  • Krig skal alltid vere siste utveg.
  • Ein stat kan ikkje gå til krig dersom den ikkje kan forutsjå at bruken av militærmakt vil ha noko målbar effekt på situasjonen.
  • Ein stat kan berre bruke militærmakt dersom volden er proporsjonal med skaden den prøvar å avverge.

Det er altså ikkje grunnlag for, i noko tilfelle, å ha ambisjonar om ei total utsletting av fienden. Ein kan heller ikkje bestemme seg for å gå til krig på bakrommet på Stortinget. Ein kan meine kva ein vil om dei verkemidla ISIL tar i bruk, men å degradere menneskeverdet til terroristane er faktisk ikkje vegen å gå for å slutt på valden. Når vi høyrer nyheiter om 20 drepne Taliban-soldatar i Afghanistan, har nok mange av oss ein tendens til å vere nesten likegyldige til det. Andre er til og med glade for slike nyheiter, som om liva til Taliban-soldatane er mindre verd enn andre liv. Har vi utan vidare “lært” oss å tenke at det er forskjell på menneske sine liv? I tanken om rettferdig krig er det ikkje forskjell på liva til menneska.

Etikk før teknikk

Vi kristendemokratar bør aldri akseptere tanken om eit «oss» og eit «dei», uansett kven «dei» er eller kva «dei» har gjort. Viss vi gjer det, risikerer vi å forlate både prinsippet om rettferdig krig og det ukrenkelege menneskeverdet.

Eit anna hjartesukk: Korleis har det seg at kristendemokratane i norsk politikk er dei beste på å diskutere bioteknologi og medisinsk etikk, medan vi nesten ikkje brukar tid på å diskutere bruk av droner i krig – ein dataspelaktig måte å drepe menneske på? I begge spørsmål er det etikken som bør styre teknikken. Eg fryktar at det er eit minst like stort press på at det motsette skjer innan militærteknologien som innan bioteknologien. Forskjellen er berre at det skjer på andre sida av verda.

Som politikarar og kristendemokratar kjem vi garantert til å bli utfordra på desse spørsmåla framover, og som alle kan skjøne er det ikkje nok med overflatebehandling når vi diskuterer avgjersler som i verste fall kan føre til tap av eit stort antal menneskeliv. Derfor skulle eg ønske vi snakka meir om kva krig gjer med oss, kva den gjer med dei vi sender den til og kva middel vi brukar i striden.

Krig er det mest alvorlege politikarar skal ta stilling til. Det må vise att i korleis vi diskuterer temaet.

 

Bilde er hentet fra wikimedia.org