Meir enn berre marknad og stat

Meir enn berre marknad og stat

Gir det meinig å snakke om ein kristendemokratisk tredje veg i den økonomiske politikken? Er ikkje alle norske storingsparti ein plass mellom sosialisme og kapitalisme? Som kristendemokratar bør vi og sjå på kva som ligg bakanfor marknaden.

Tore Storehaug

Tore Storehaug er internasjonal nestleder i KrFU

Partiet slit på meiningsmålingane, men Noreg treng KrF. Kristendemokratisk tenking går til kjernen av vårt samfunn sine verdiar. Desse verdiane er ein føresetnad for fungerande marknad og stat. Eitt fritt samfunn med ein fri marknad kjem ikkje av seg sjølv, begge delar kviler på meir grunnleggjande årsaker som ikkje bør undervurderast. Når den økonomiske debatten blir dominert av sosialdemokratar og liberalistar, står vi i fare for å oversjå at det viktigaste for å skape eit fritt samfunn og ein fri marknad ikkje handlar om stat eller ubunden, feiltolka kapitalisme – men dygdige menneske med lit til kvarandre.

Marknaden er meir enn berre reguleringar og sjølvinteresse
Debatten om stat og marknad strekkjer seg heilt tilbake til antikken. Dei klassiske tenkarane, som Platon og Augustin, hevda at handel var ein udydig aktivitet. Dette synet blei totalt endra i tideleg moderne tid då regulert eigeninteresse som drivkraft i ein fri marknad gav rom for den tidelege kapitalismen. Forskjellen mellom klassistar, som Augustin (354-430) og moderne tenkjarar som Adam Smith (1723-1790) kokar ned til menneskesyn. Der Augustin framhevar at menneske med sin syndige natur kan korrumperast av handel, vil Smith hevde at eigeninteressa er det viktigaste argumentet til kvifor ein må ha frie marknadar – dersom denne blei regulert var den utelukkande positiv. Etter at Augustin sine tankar blei mindre viktige, har vi opplevd ein stor velstandsauke, og den moderne økonomien har tatt oss langt ved å binde eigainteressa til fellesskapets beste. Men svarar teorien om eigainteresse balansert med statsmakt eigentleg på korleis vi kan skape eit godt og fritt samfunn?

Mitt svar er nei. Eigainteresse er ein del av svaret, men den er eit verktøy som avhenger av gode og dydige menneske for å brukast. Politiske system som baserar seg på eigainteresse balansert av ei sterk statsmakt, endar opp med å ta det verste frå begge sider av politikken: reindyrka profittjag og ubalanserte markandar frå høgresida, og autoriter eller sentralistisk statsstyring frå venstresida. Stemmene som kritiserer eit system av rein eiganytte og regulering som ikkje skapar dygder, forsvann aldri. Pave Johannes Paul II kritiserte dei kapitalistiske samfunna i Vesten for å redusere personen til ein rein konsument, noko som på sikt var eit like stort trugsmål mot fridom som sosialismen. Kanskje det er på tide å lytte til slike stemmer igjen?

Både venstre og høgresida har bomma
I boka Red Tory forklarar filosofen Phillip Blond korleis både venstresida og høgresida har «broken Britain».  Argumentet hans kan raskt overførast til debatten om dygd eller regulert sjølvinteresse er vegen til velfungerande marknadar, fordi, hevdar han, det nettopp er det siste synet som knakk Britannia.

Blond definerer liberalisme som ein form for verdinøytralisme og misforstått individualisme – og med det ein motsetnad til det klassiske liberale. I korte trekk seier Blond at denne «liberalismen» har dominert både venstre og høgresida. Han hevdar at venstresida si store statsutbygging gjekk på bekostning av mellommenneskelege relasjonar og moral, og at ein med det tok makta frå folk gjennom å utvide staten. Denne veksten i statsmakta og staten sitt verkefelt var ikkje berekraftig, og med det kom også reaksjonen gjennom nyliberalismen. Blond hevdar at denne også bomma, fordi den sentraliserte all kapital og feila å utfordre dei mest dominerande marknadsaktørane. Det heile møttes i ein livsfarleg symbiose då den britiske sosiologen Antony Giddens (1938-) lanserte Tony Blair og New Labour sin versjon av «den tredje veg»: eit system der staten gjor alt det moralske arbeidet for deg, og marknadsmakta til dei dominerande aktørane fekk fortsette uutfordra. Blond sitt svar på denne utfordringa er rekonstruksjonen av samfunnet, med klåre etiske reglar og langvarige relasjonar. Han sett fingen på at ein fri og velfungerande marknad ikkje handlar om reguleringar mot frislepp, men om å ha ein økonomi med dygdige menneske som aktørar.

Blond sin visjon om ein radikal konservatisme, er ikkje langt frå å vere ei gjennoppfinning av kristendemokratiet. I både den radikale konservatismen og kristendemoraktiet er etikk, trua på objektive verdiar og langvarige relasjonar sett på som progressivt. David Cameron politiserte mange av Blond sine tankar, mellom anna gjennom å aktivt bruke frivillige organisasjonar og trussamfunn framfor statlege aktørar når velferd skulle fordelast og fattigdom nedkjempast.

I Noreg representerer KrF på mange måtar det same. Den stadige kampen for familien sin autonomi handlar å skape eit godt fellesskap der vi først lærer å leve i fellesskap. Eit anna godt døme er KrF sin kamp for eigne anbodsrunder for ideelle organisasjonar.  I denne saka kan kapitalistisk nyttetenking stå i fare for å utradere oppgåver sivilsamfunnet har tradisjonar og kunnskap om, medan venstresida ikkje ser verdien av fellesskap som ikkje er statlege. Leiaren for KrF sitt svenske søsterparti, Göran Hegglund, leverer ei sylskarp analyse når han kallar denne tendensen frå venstresida «statsindividualisme». Alle fellesskap mellom individet og staten representerer ei hindring, og gjennom statleg velferd kan individet bli frigjort frå andre relasjonar. Satre sa at: Helvete er dei andre – ein god kristendemokrat vil seie som Aristoteles: Mennesket er eit sosialt vesen.

Den ekte tredje vegen
Eg er overtydd om at mannen bak omgrepet «den tredje veg» snur seg i grava når Antony Giddens kallar sitt prosjekt «den tredje veg». Den tyske økonomen Willhelm Röpke (1899 – 1966) er rekna som far til den sosiale marknadsøkonomien og tanken om «den tredje veg». Forskjellen mellom han og Giddens er himmelvid. Der Giddens ønskjer ein sterk stat, ønskjer  Röpke ein desentralisert og nær stat. Der Giddens inngår eit kompromiss med kapitalismen, motset Röpke seg den – men hevdar at ein fri marknad er essensielt for eit godt samfunn.

Willhelm Röpke er forholdsvis ukjend i Noreg, og det er synd. På spørsmålet om det er statlege reguleringar eller individuell karakterdannelse som er grunnlaget for ein fri marknad, leverer han svar som ikkje berre fungerer på papiret, dei gjenreiste også Europa frå ruinane etter andre verdskrig. Röpke annerkjenner frihandel og eigeninteressa som sentral, men gir denne bein å gå på, gjennom også å framheve klassisk danning. Heile hans filosofi byggjer på  subsidiaritetsprinsippet, med sin sterke kritikk av sentralisert makt. Velfungerande fellesskap, der folk opplever å ha makt, er den beste diagnosen ein kan få mot ekstremisme, noko Röpke meiner Sveits viste under andre verdskrigen. Men også i kritikken mot (feiltolka) liberalisme framhevar Röpke noko som minnar om danning. Röpke hevdar det er forskjell på kapitalisme og marknadsøkonmi, hans analyse liknar den G. K. Chesterton har: «The problem with capitalism is not too many capitalists, but too few». Marknadsøkonomien treng eit sterkt sosialt rammeverk som hindrar han frå å «formasse» menneska. Utan langvarige relasjonar, religon, klassisk danning og god utdanning vil ein reindyrka kapitalisme skape ein kultur der mangfald er forsvunne. Sjøv om eigeninteresse og frie val legg grunnlaget for ein kultur der alle menneske er like, så er det ikkje ønskeleg å byggje samfunnet på eigeninteressa dersom vi ofrar individualiteten og ansvarlege menneske i den kampen.

Dydane bør ha prioritet
Mennesket sitt ansvar startar med seg sjølv, derfor treng vi ein fri økonomi basert på eigeninteresse. Men for at eit slikt system skal bli varig og godt, må dydar og relasjonar skapast. Derfor treng vi også eit sterkt sivilt samfunn. Då treng vi både sterke familiar, politikarar som anerkjenner fellesskap, og gode lover som skapar tryggleik til det felles beste. Det heile kan summerast med eit sitat frå Martin Luther King: «It may be true that the law cannot make a man love me, religion and education must do that. But the law can keep him from lynching me, and I think that’s pretty important to». I kampen for borgarrettar valde Lurther King ikkje anten eller, men sa at begge trengtes. Likevel meiner eg at målet for begge verkemidla må vere å skape dygdige menneske som ikkje må straffast for å ikkje lynsje kvarandre. Kvar sommar slår tabloidane opp at «nordmenn er verdens mest naive folk», som om det er noko negativt. Eg meiner det er nettopp denne eigenskapen som viser kvifor Noreg er eit så godt og fritt land. Viss vi ikkje klarar å få fram at eit fritt og godt samfunn handlar om tillit og kultur vil vi ikkje kunne gje det vidare til neste generasjon, det ville vore eit stort tap.

 

Denne artikkelen har tidligere vært publisert hos minervanett.no

Bildet er hentet fra wikimedia.org