Nils Lavik - ei kjelde til inspirasjon

Nils Lavik – ei kjelde til inspirasjon

Kristeleg Folkeparti vart skipa i 1933, fyrst som eit fylkesparti i Hordaland. Fem år seinare vart det fyrste landsstyret vald, og KrF var med det eit nasjonalt politisk parti. Partiet vart skipa i ei tid der det stod ein kamp om andelege verdiar i samfunnet, og motrøyrsla mot den framveksande kulturradikalismen manifesterte seg m.a. gjennom skipinga av partiet.

Stian Lavik er lokallagsleder i Meland Kristelig Folkeparti i Hordaland

Nils Andresson Lavik (1884-1966) var predikant og bonde frå Eksingedalen. Han var styrar ved Det Vestlandske Indremisjonsforbund sin bibelskule i Bergen då han vart vald inn på Stortinget. Han var fyrst vararepresentant for partiet Venstre, men ved nominasjonen til stortingsvalet i 1933 vart han forbigått i dette partiet. Det var nok ei av dei utløysande årsakene til at Kristeleg Folkeparti vart skipa, og Lavik vart vald som KrF sin fyrste stortingsrepresentant same året. Nils Lavik er framleis den lengst-sitjande partileiaren i KrF sin historie (krigen medrekna), og han var parlamentarisk leiar frå 1933 – 1953.

Det er fleire gode grunnar til å sjå til pionérane i Kristeleg Folkeparti for inspirasjon i eit kristendemokratisk perspektiv. Fyrst og framst oppstod partiet som eit konkret uttrykk for ei motrøyrsle til mykje av det som var kulturelle og åndelege strøymingar i det norske samfunnet i tida. Det stod fleire offentlge ordskifte rundt kristelege spørsmål i denne tida, og ei kulturradikal (og gjerne “venstreorientert”, politisk sett) røyrsle med brodd mot kristendommen var i vinden. Arnulf Øverland heldt sitt foredrag “Kristendommen – den tiende landeplage” i 1933, som eit oppgjer med klassisk kristentru og kristelege verdiar og fundament i samfunnet. I dette biletet var det fleire politiske spørsmål der mange av dei kristne, kanskje særleg på Vestlandet, kjente at dei ikkje hadde noko klar stemme inn i det politiske arbeidet.

Det var fleire kristne som såg ei trong for at kristentrua og kristelege verdiar kunne få rom til å prega politikken på ein tydeleg måte. Dei verdiane som var sentrale i kristentrua ville óg vera eit gode for samfunnet generelt, meinte dei. Den moderne kristendemokratiske plattformen var ikkje sprungen ut i blomst i Europa på dette tidspunktet. CDU i Tyskland vart skipa i 1945, dei kristeleg funderte partia i Sverige og Danmark kom ikkje til før i 1964 og 1970. Slik sett var Nils Lavik og dei han arbeidde saman med han i denne perioden pionérar i sitt slag. Dei såg til si eiga forankring i den kristne trua og det nørte engasjementet deira for å prega samfunnet.

Nils Lavik hadde erfaring og eigne opplevingar som farga hans politiske ståstad. Han var bonde frå Eksingedalen. Han visste og kjente på kroppen kva det ville seia å bu i distriktet. Og gjennom sitt politiske arbeid var han óg svært oppteken av distriktspolitikk. Gode kommunkasjonsløysingar til utkantar og “innkantar” var viktig. (t.d. var han seinfare for sjøflytransport av post inn til fjord- og vikebygder. )

Og Lavik var meir enn bonde, han var óg nybrottsmann. Han hadde rydja sin eigen gard og han visste kva det ville seia å måtta stå på og arbeida seg fram. Kanskje var dette med på å gjera han meir uredd óg for å vera med på å byggja opp nytt politisk arbeid? Han hadde nok med dette forståing for dei som ville starta noko nytt, byggja opp sitt eige, og samstundes kjente han got til landbruket på Vestlandet og kva kår dei dreiv under.

Lavik var fyrst og framst ein markant figur i kristelege samanhengar. Han var kreativ, og han skreiv og omsette fleire sangar, m.a. “Ingen er så trygg på ferda” og “Langt bortom rømd som blånar” (som han omsette frå svensk til nynorsk). Men han såg óg at dei gode verdiane han fekk i trua, ville vera gode verdiar å byggja samfunnet på. Dette gjorde at han var ein motkultur til den framveksande kulturradikalismen, og samstundes var han sjølv radikal på andre område, t.d. når det gjaldt sosialpolitikk. KrF vart tidleg eit foregangsparti når det handlar om å ta vare på dei svake og verna om liv og tryggleik, med utgangspunkt i den kristne nestekjærleiken. Og i dette må vi óg vera kompromisslause. Det er ikkje eit alternativ å ikkje hjelpa dei som treng det. (I ytste konsekvens kan vi seia med Paulus: “Kristi kjærleik tvingar oss.”)

I sitt innlegg til Stortinget i trontaledebatten 14.desember 1945, vektla Lavik kristen nestkjærleik over å få rettferd gjennom krigsskadebot hjå Tyskland etter krigen. Nett i ein situasjon der det kunne vera freistande å tenkja “hemntankar” etter krigen, mana han til miskunn og hjartelag mot det tyske folket, som ikkje hadde skuld i leiarskapet sine krigsovergrep, og som no låg med “knekt rygg”. Slik han sa det: “”Fienden er slått, men freden er ikkje vunnen” og “(…) då spørst det om fredsfyrstens tankar og fredsfyrstens prinsipp slepp til (…)”. Sjølv i rettsoppgjeret etter krigen, våga han å tenkja radikalt, på å løna vondt med godt. Han gjekk så langt som å seia at dersom ein ikkje no prøver å vinna freden i samsvar med Fredsfyrsten si ånd og Fredsfyrsten sine ord, så vil det koma ein ny krig i staden for fred. Dette er eit døme på at ei kristeleg radikal tenking låg til grunn for den politikken Kristeleg Folkeparti skulle føra. Og vi kjenner fortsetjinga, korleis Kristeleg Folkeparti har stått opp for dei som treng det i den same ånda, i Fredsfyrsten si ånd.

Slikt er til inspirasjon for oss som er kristne politikarar i dag. Vi må vera uredde for å la den kristne trua inspirera og eggja oss til handling, også når det gjeld politisk engasjement, og sjølv om vi stundom må stå åleine med våre standpunkt. Dei svake treng oss i dag óg, sjå t.d. til ufødde barn i mors liv, eller til flyktningar verda over. I den politiske kvardagen, og innimellom alle saksutgreiingar og kompromiss, kan ein til tider sakna den brennande iveren vi kan sjå hjå pionérane i partiet, og då kan det vera godt å la seg inspirera av deira arbeid.

Så kan ein seia at ein kan sjølvsagt ivra for dei svake og gode grunnleggjande samfunnsverdiar utan å ha ei kristen forankring. Det er sjølvsagt rett, og vi kan finna mange døme på det. Likevel trur eg vi ikkje skal sjå bort frå visdomen i Fredsfyrsten si likning om surdeigen. Når den kristne trua er ankerfestet og inspirasjonskjelda for livet, og også det politiske engasjementet, så er partiet sine grunnverdiar levande i oss. Då er det ikkje berre teori eller eit akademisk tankebygg. Når kristentrua får prega liva våre, vil vi ha ei levande rettesnor i ryggmargen som gjer at engasjementet for dei svake, for å forvalta i samfunnet på ein god måte og for å setja menneskeverdet høgt automatisk vil bli fornya og leva i oss. I fasen då Nils Lavik stod i spissen for å byggja opp organisasjonen i Kristeleg Folkeparti, var det viktig å byggja kompetanse. Han heldt mange talar og dreiv opplæring av dei tillitsvalde i den tida. Han sa i ein slik samanheng at fyrst må ein bli ein god kristen, så kan ein bli ein god politikar. Kan hende nokre av oss synest dette er fjernt frå måten vi tenkjer på om politisk skulering i dag. Men eg trur han har eit viktig poeng som vi ikkje skal gløyma; når treet er godt, vil óg gjerne fruktene bli gode.

Det er mange spørsmål som opptek oss som politikarar i dag. Det er mange saker som kallar på vårt engasjement og vår vilje og kapasitet når det gjeld å byggja samfunnet på ein god måte, å hjelpa dei som treng det, og å motverka urett. Då er det viktig at engasjementet vårt har eit utspring, ei kjelde, slik at vi har eit godt fundament å arbeida ut frå. Det er ikkje alltid like enkelt å sjå koblinga mellom trua vår, verdigrunnlaget vårt, ideologien vår og konkrete politiske saker. Likevel vil fundamentet vi byggjer på gje oss gode rammer og retning. I det langsiktige og overordna, og stundom i heilt konkrete saker, vil dette gje oss eit utgangspunkt som ingen andre verdigrunnlag eller ideologiar kan skilta med. Dette såg pionérane i partiet, og mange samfunnstrendar har kanskje enno større avstand til det kristelege verdigrunnlaget i dag enn då KrF vart skipa. Derfor er det kanskje enno meir trong for Kristeleg Folkeparti i dag enn det var på 1930-talet, det er enno viktigare med ein godt forankra motkultur. Lat derfor Nils Lavik og dei andre som var med å etablera Kristeleg Folkeparti sitt arbeid vera til inspirasjon for oss!

Kjelder:
Lavik, Nils. (1945) Fienden er slått, men freden ikkje vunnen. Innlegg i trontaledebatten i Stortinget 14.desember 1945. Tilgjengeleg i Stortingstidende 1945-1946, ,s.52-54 og 55-57.

Helland, Kristian (2003) Pietist i kulturkamp – Nils Lavik og framveksten av Kristeleg Folkeparti. NLA-forlaget.

Diverse talar og manus etter Nils Lavik.

Samtalar med andre om Nils Lavik.