
Religion og livssyn i samfunnet
I VG for 6. november skreiv stortingsrepresentant for Venstre, Abid Q Raja, ein kronikk om religionsfridom. Saka er seinare følgd opp i fleire media. Raja fortel om eit engasjement han har vore med å setja i gong mellom parlamentarikarar i ulike land og verdsdelar. Starten var i Oxford der ei lita internasjonal gruppe møttest i juni. Andre helga i november fann ei samling stad i Nobels Fredssenter i Oslo der parlamentsmedlemmer frå alle verdshjørner underteikna “Oslo-Charter for Freedom of Religion or Belief”.
Initiativet er svært prisverdig. Det er flott at nettopp Raja med sin muslimske bakgrunn frå Pakistan er sentral i dette arbeidet. Det kan bety mykje for legitimiteten. For meg høyrer det også til det eg har hevda offentleg etter den norske muslimske protesten tidlegare i haust mot religiøs islamsk ekstremisme: Vi må gje moderate muslimar tid og opptre konstruktivt i tillitsfull dialog.
VL skreiv leiarartikkel om temaet same laurdagen som konferansen fann stad i Oslo. Artikkelen fortel den triste sanninga at utviklinga for religionsfridom har feil retning: “I 2012 bodde 76% av verdens befolkning i land der de opplever sterke eller veldig sterke restriksjoner på sin trosutøvelse. Dette omfatter hele 43% av verdens land. –I 2007 var trosfriheten under press for 68% av verdens befolkning i 29% av verdens land.”
Eit av dei alvorlege fakta som kan få politikarar til å engasjera seg for religionsfridom, er korleis ekstreme islamistar som ISIL i Syria og Irak meier ned alle dei kjem over som ikkje deler deira tru. Boko Haram i Nigeria er ei anna terroriserande islamittisk militant gruppe. Men det er nok berre “isfjellet” vi ser her.
Initiativet er ekstra velkommen for kristendemokratisk ideologi. Eg er glad for at KrFs partileiar var mellom underskrivarane av charteret. Eg har ved fleire høve oppmoda partiet til å engasjera seg tydeleg i spørsmål om religion og livssyn i samfunnet. Med partiet sin ideologi har vi god ballast og kompetanse på feltet.
KrF si ad-hoc gruppe som eg hadde gleda av å leia, la sist vinter fram ei innstilling til Sentralstyret og stortingsgruppa om Stålsettutvalet sin NOU 1:2013 Det livssynsopne samfunnet. Innstillinga vår fekk mange lovord, men sant å seia var det lite media fanga opp – stort sett at vi støtta muslimars rett til religiøse plagg. Det burde ikkje vera stort nyhende frå eit kristendemokratisk parti. Studerer ein derimot dokumentet vårt grundigare, ser ein at vi byggjer dei konkrete forslaga på viktige prinsipielle føringar og historiske fakta.
Dei to prinsipielle kapitla hadde overskriftene – Kristendommens samfunnsmessige historiske og kulturelle rolle (sivilisatoriske betydning) og Religionens og livssyns plass i det offentlege rom. Her viser vi vårt lands kulturelle historie bygd på tusenårig kristne røter. “Vår kristne og humanistiske arv” (jfr Gr.l. 2) har trass i stygge historiske feilskjer vore det viktigaste bidraget til at nettopp religions- og livssynfridom har relativt gode vilkår hos oss.
Men om utviklinga går i gal retning ute, skal vi ikkje slå oss for brystet i hovmot her heime heller. I innstillinga peikar vi på at “livsvegen” for eit trus- og livssynsope samfunn har to grøfter. På den eine sida møter vi teokratiet – det direkte gudsstyret – som nettopp ser andre sin fridom som brot på Guds vilje. Vi møter haldninga i ekstrem islam, men surdeigen lever også i redsle for dei andre og i “kristne” sekter som trakaserer folk som bryt ut. Den andre grøfta er dei sterke kreftene som vil ha religion og livssyn ut av det offentlege rom. Det kan kallast ny versjon av Arbeidarpartiet sitt gamle mantra – religion er privatsak. Eit slikt samfunn gjev faktisk falskt inntrykk av livssynsnøytralitet. I praksis fremjer dette eit ikkje-religiøst livssyn og samfunn på bekostning av naturleg plass for religion og livssyn. Difor er det etter mi vurdering heilt rett det vi seier i innstillinga: “Sekularismen kan ha like sterke totalitære tendensar som teokratiet.”
Mange ser ut til å tru at å fjerna religion og livssyn frå det offentlege rom med ein totalt sekulær stat, vil best motverka ekstremisme slik vi særleg ser det innan islam i dag. Vi såg slike ytringar i Danmark frå den tidlegare statsministeren og nå avgåtte Nato-generalsekretær, Anders Fogh Rasmussen. Eg er overtydd om at det er ei kortslutning. Naturleg plass for religion og livssyn i samfunnet er langt betre førebilete for å motvirka ekstremisme.
Skal vi tolerera andre, treng vi eit fast punkt å tolerera ut frå, sa tidlegare direktør i datatilsynet Georg Apenes i eit intervju med Aftenposten for fleire år sidan. Forsto eg han rett, var han ottefull for at dette faste punktet ikkje fekk nok merksemd i vår tid. Eg trur dette er mykje til ettertanke. Kristendommen har faktisk i seg dei beste føresetnader for å utvikla eit livssynsope samfunn. Nøkkelen er respekten for det enkelte menneske sin eigenverdi og at “tvang til tru er dårars tale”. Religion og livssyn – i vårt land ikkje minst kristendommen – kan også både styrka og etterprøva våre felles samfunnsverdiar.
Tilbake til parlamentarikarinitiativet: Det er spennande om dei kjem til kjernen i spørsmålet om religions- og livssyns fridom: Testen er om samfunnet – staten og folket – respekterer og verner dei som skiftar tru og livssyn. Det er viktig at ulike trus- og livssyn får praktisera si overtyding og får naturlege kår i samfunet. Det gjeld gudsdyrking og misjon. Men det er ikkje reell religionsfridom om ikkje trusskiftet har reelt vern. Sagt enkelt: Vi har trusfridom om kristne som skiftar til islam eller anna tru, blir verna. Det er religionsfridom i Pakistan og muslimske land, når muslimar som blir kristne eller går til anna tru, får same vern i dei landa. Skulle eg nemna eit sakn i Raja sin kronikk, er det nettopp dette fokuset på trusskiftet. Eg håpar inderleg at det perspektivet ikkje blir borte eller gøymd under teppet. Vern om trusskiftet er – for å seia det igjen – faktisk sjølve lakmustesten på religionsfridom!
Bildet er hentet fra wikimedia.org