Assistert befruktning og den liberale staten

Assistert befruktning og den liberale staten

Eig vi staten eller eig staten oss? Staten kan som unntak avvikle og opprette familierelasjonar. Men når unntaket blir hovedregel, kva gjer det med maktforholda mellom individet og staten? Endringar i bioteknologilova legg no til grunn at det er staten si rett og plikt å omfordele foreldreskap, ikkje berre når livssituasjon har gjort det naudsynt, men for å sikre likebehandling og like rettar mellom ulike grupper. Det er tid for refleksjon frå parti som kallar seg ikkje-sosialistiske: Er det familiane som delegerer myndigheit til staten eller er det motsatt? Eksisterer familien på fullmakt frå staten?

Demokratiet og grunnlova vår vaks fram av idear om fridom, likskap og brorskap frå opplysningstida. Noreg og andre europeiske land fekk lovar som la grunnlag for ein stat med fullmaktar, men også klåre avgrensingar. Desse avgrensingane var føresetnader for enkeltmennesket sin integritet og for eit fritt og demokratisk samfunn. Arven frå John Locke og Charles Montesquieu om enkeltmennesket sine grunnleggjande rettar er framleis ein del av den samfunnsforståinga vi byggjer på i dag.

Øyvind Håbrekke

Øyvind Håbrekke er tidligere leder i KrFU og stortingsrepresentant for KrF

Den liberale staten er eit uttrykk som ofte vert brukt om denne avgrensa styresmakta. Omgrepet blir ofte assosiert med liberalistisk ideologi. Ordval kan variere, men grunnprinsippa blir likevel delt i store deler av det politiske landskapet.

Kor langt bør staten gå inn i enkeltmenneska sine liv? Og kva betyr denne avgrensa staten i dei politiske vegvala i bioteknologien? Av mange sentrale tema på dette feltet vel eg her å sjå på donasjon av arveanlegg (sæddonasjon og eggdonasjon). Donasjon av arveanlegg forutset at staten etablerer juridiske familierelasjonar. Eg vil stille spørsmålet om vi på dette feltet, nærast utan debatt, er i ferd med å etablere ei ny forståing av forholdet mellom stat og individ.

Familie
Familiar er ulike. Familieomgrepet blir også brukt ulikt. SSBs definisjon har eit statistisk føremål og kan tene som eit utgangspunkt for å skildre korleis vi i dag lever i ulike familieformer. Her blir det rekna inn personar som er fast busett saman og som har ein relasjon som ektefeller, sambuarar, partnarar, og/eller som foreldre og ugifte barn. Også m.a. einskildpersoner høyrer med her.

I politiske prosessar er det ofte juridiske familierelasjonar og juridisk foreldreskap som er mest relevant, og det er det eg legg vekt på her. Familie og foreldreskap i juridisk forstand tar eit anna utgangspunkt enn bufellesskap.

Lovverket plasserer foreldreskap og ansvar for barn – uavhengig av ulike familiar barnet kan bu i gjennom oppveksten. Lovverket legg til grunn at mor til barnet er den kvinna som føder barnet. Om kvinna er gift blir ektemannen i følgje barnelova rekna som far. Dette er gjort fordi ein rekner med at han også er biologisk far. Farskap kan endrast og fastsettast ved DNA-test. Både for morskap og farskap legg barnelova altså til grunn ein hovedregel der staten juridisk stadfester eit allereie eksisterande biologisk foreldreskap. Dette stemmer godt med moderne oppfatningar av foreldreskap der ansvaret følgjer biologien. I motsetnad til for ein generasjon eller to sida, er det no sjølvsagt at ein far er ein far og tek del i barnet sitt liv, anten han bur saman med barnet eller ikkje.

Endring av familierelasjonar som unntak
Assistert befruktning handlar om eit av dei mest intime og sårbare tema ein kan tenkje seg: Foreldreskap og ønske om barn.

Tilbodet om assistert befruktning starta på 1930-talet med enkel inseminasjon av mannlege arveanlegg når ektemannen sin sædkvalitet ikkje var god nok.

Etter kvart vart dette regulert i lovgivning. Da lova om kunstig befruktning vart vedteken i 1987, vart donasjon av mannlige arveanlegg tillate etter definerte kriterium.

Om lag 5 % av norske par som får assistert befruktning, treng arveanlegg frå donor.

Frå 1. januar 2005 vart anonymiteten avskaffa og barnet kunne få vite identiteten til donor etter fylte 18 år.

Etter kvart som assistert befruktning og sæddonasjon vart lovregulert, vart det lovfesta at mannen til kvinna som vart befrukta er far til barnet i rettsleg forstand. I barnelova er det også gjort unntak slik at ein donor ikkje kan krevje farskap. Hovedregelen i lovverket er at foreldreskap følgjer naturen og biologien. Ved bruk av DNA-test kan menn kan krevje, eller dømmast til juridisk farskap. Mor er kvinna som føder barnet.

Denne hovedregelen følgjer av prinsippet om den liberale avgrensa staten. Staten si oppgåve er ikkje å opprette farskap og morskap – Staten stadfester foreldreskap. Staten opprettar ikkje familien – Staten stadfester familien.

Slik sæddonasjon var regulert kan ein i beste meining velje å tolke det som eit unntak frå hovedregelen. Eit unntak for å hjelpe ufrivillig barnlause par i særskilde når naturen ikkje har fungert slik ein kunne forvente. Staten opprettar i desse tilfella eit farskap, og vedtek at ein mann som ikkje har tilknyting til barnet likevel er far. Staten opphever samstundes i rettsleg fortand ein familierelasjon mellom donor og barn.

Adopsjon er eit anna kjend unntak. Her er det brei semje om at staten kan gripe inn for å oppheve ein familierelasjon og samstundes etablere ein ny – når det er til det beste for eit allereie eksisterande barn. Det kan til dømes vere når foreldra er varig ute av stand til å gje omsorg, eller er døde. Ein treng ikkje biologisk tilknyting for å gje kjærkeik og god omsorg.

For ein kvar stat som ikkje er totalitær vil dette vere eit sentralt spørsmål: Under kva føresetnader kan ein stat oppheve familierelasjonar og etablere nye. Det bør vere viktig for sosialistar. Det bør ikkje minst vere viktig for liberalistar som er opptekne av å forsvare individet mot for sterke statlege inngrep. Det bør vere spesielt viktig å diskutere for oss kristendemokratar som tek utgangspunkt i enkeltmennesket som eit sosialt vesen, som uavhengig av staten dannar naturlege fellesskap, og der desse fellesskapa er sentrale i heile samfunnsforståinga.

Lengsla etter å få ungar er eit så djupt og sterkt instinkt hos mange vaksne at det er naturleg å bruke alle akseptable alternativ for å få ønsket oppfylt. Donasjon av arveanlegg er likevel prinsipielt problematisk av fleire grunnar. Barnet sin rett til å kjenne sitt opphav. Det etisk utfordrande i at menneske skal sette ungar til verda for så å trasse det djupaste instinktet: å verne og bry seg om sine eigne ungar. Og vidare dilemmaet i at staten skal legge til rette og oppmode borgarar til å gjere dette. Dette siste dilemmaet blir ekstra klart når norske menn no har blitt aktive engasjerte fedre og derfor har ikkje lenger vil å donere. Derfor tillet styresmaktene no import frå land der menn ikkje har kome så langt. Og høve til i vaksen alder å få vite kven donor er, og kanskje få kontakt, blir om mulig eit enda meir teoretisk fikenblad.

Frå unntak til hovedregel?
Men om ein likevel aksepterer donasjon, blir det sentralt for forståinga av staten si makt og rolle korleis denne overføringa av foreldreskap blir begrunna og forankra i lovverket. Er staten si makt som familiestiftar eit unntak eller ein hovedregel?

I 2008 vedtok Stortinget felles ekteskapslov der likekjønna par fekk høve til å inngå ekteskap. Proposisjonen la til grunn at det da var ein «naturleg konsekvens» at ein samstundes endra adopsjonslova og bioteknologilova slik at likekjønna par av kvinner fekk tilgang til assistert befruktning. Kvinna som lever saman med den som ber fram barnet blir rekna som medmor (Lov om barn og foreldre §3). Regjeringa følgde tradisjon og rettsleg praksis med å sjå på spørsmål om ekteskap og foreldreskap i samanheng, der endringar i forståinga av ekteskap også endrar forståinga av foreldreskap. Premisset om at regulering av ekteskap ikkje kan sjåast lausreve frå foreldreskap var alle, både tilhengjarar og motstandarar einige om; men av det trakk dei forskjellige konklusjonar.

I debatten vart det streka under at dette handla om å gje like rettar til homofile og lesbiske. Mange snakka også om å avskaffe diskriminering. Saksordførar Gunn Karin Gjul sa i sitt hovedinnlegg: «Allerede i dag tilbyr norsk helsevesen assistert befruktning med donorsæd til heterofile par. Arbeiderpartiet kan ikke se at det vil være noen etisk forskjell om et heterofilt par får barn med denne metoden enn om et lesbisk par får det.» Det vart også vist til at forslaget skulle gje barn som vaks opp med lesbiske par rett til at dei to som levde saman med barnet hadde juridisk foreldreskap.

Premissane for vedtaket viser at ein med dette legg ei ny forståing til grunn. Rettsleg etablering av foreldreskap etter donasjon av arveanlegg er ikkje lenger eit unntak frå hovedregelen. Det er ein del av staten si oppgåve for å sikre likebehandling og sikre borgarane sine rettar.

(«Omgrepet «rett» er kontroversielt i denne samanheng da dei fleste tilhengarar av dette og andre forslag til utviding av tilbodet om assistert befruktning er nøye med å streke under at barn ikkje er ein menneskerett. Ein bør likevel kunne vere einige om at det å ikkje bli diskriminert er ein form for rett, og at diskrimineringsargumentet og argumentasjonen om like rettar var sentral, utan at det vart skild spesielt mellom dei ulike lovene debatten omhandla.)

Dette vart ikkje mindre tydeleg i debatten som følgde i tida etter. Den same saksordføraren for lova, tok i desember 2009 til orde for at einslege kvinner skulle få rett til assistert befruktning. «Det blir for meg galt at lesbiske og heterofile par skal ha rett til assistert befruktning, mens enslige ikke har det.» Og vidare: «Jeg synes ikke vi skal ha regler som diskriminerer en gruppe i forhold til andre.»

AP vedtok i 2012 støtte til forslaget, samt å tillate donasjon av egg, og å kombinere donasjon av sæd og egg. Hovedargumentet for forslaga var likebehandling av grupper når det gjeld tilgang til assistert befruktning.

AP har også støtte frå SV og Venstre i forslaget om å tillate eggdonasjon, samt i å utvide tilbodet om assistert befruktning til å gjelde einslege kvinner.

Eig du staten eller eig staten deg?
Familierelasjonar er noko av det mest private, og noko av det viktigaste eit menneske har.

På kva grunnlag eksisterer familien? Som vist over er det grunn til å spørje om forståinga av dette er i endring.

På kva grunnlag etablerer og opphever staten familiar ved donasjon av arveanlegg? Svaret i den nye forståinga må vere: Ikkje som unntak, men på eit prinsipielt grunnlag der dette er statens rett og plikt. Det handlar om like rettar og likebehandling av vaksne.

Kva betyr dette for forholdet mellom staten og individet? Staten har endra syn på familien. I den liberale staten ville ein tenkje at staten stadfestar eksisterande familiar – I den nye forståinga stifter staten familiar.

I den liberale staten delegerer familiar myndigheit til staten – i den nye forståinga lever familien på delegert myndigheit frå staten.

Er dette er ein liberal stat? Eller er det i beste fall ein ny form for sosialisme?

I norsk politikk er det daglege diskusjonar om grensegangen mellom foreldra og staten sitt ansvar når det gjeld barn. Det gjeld m.a. skulepolitikk, barnehage, personvern, justispolitikk, religions- og livssynspolitikk og barnevern.

Kva ei slik forskyving i forståinga av tilhøvet mellom stat og enkeltmenneske over tid inneber på ulike politikkområde kan ein reflektere over.

Desse endringane bør stimulere til refleksjon i alle parti. Parti og politikarar som kallar seg liberalistiske bør tenkje gjennom ein gong til kva som er ekte liberal politikk og tenking i bioteknologiske spørsmål.

Og ikkje-sosialistiske parti som Senterpartiet, Venstre, Høgre og Frp, bør la seg utfordre til å reflektere over om deira standpunkt, argumentasjon og tenking i desse spørsmåla er i pakt med eigen ideologi.

 

Bilde er hentet fra wikimedia.org