
Nærsynt politikk?
Når debatten om eggdonasjon no skal takast, treng me politikarar som, etter å ha lese enkelthistoriane, legg bort lesebrillene og speidar eit stykke framover for å sjå kva retning samfunnet vårt bør gå i.
Ved ein viss alder opplever mange av oss at det blir vanskeleg å lesa på nært hald og etter kortare eller lengre tid med fornekting, må ein ty til lesebriller. Og eg kan, til orientering for dykk som er yngre, meddela at lesebriller er noko skikkeleg plunder. Men det har slått meg i det siste at som politikar vil det ofte vera ein fordel å vera litt langsynt, om ikkje anna så i overført tyding. Det å fokusera på det som ligg eit stykke framme er i politikken ein kvalitet som diverre ofte er mangelvare. Sjølvsagt skal me som politikarar også sjå det som er nært på oss, men kanskje er det greit at me då må finna fram brillene, slik at me blir klar over at me er i det meir kortsiktige moduset.
Det som nett no har minna meg på dette, er Bioteknologirådet si innstilling når det gjeld eggdonasjon. Rådet sitt fleirtal går inn for at eggdonasjon skal bli lovleg, rett nok under visse føresetnader. Men dei går likevel inn for å passera den grensa som dagens forbod mot eggdonasjon er. Medan mindretalet i rådet legg stor vekt på at det gjennom heile historia til mennesket har vore sjølvsagt at den som føder barnet også frå naturen si side er genetisk mor, vil fleirtalet endra dette. Og leiaren i rådet opplyser at det viktigaste argumentet for fleirtalet er at dette ”kan hjelpe enkelte kvinner å få et etterlengtet barn”. Dei seier lite om det historiske faktum at slik fjerning av vesentlege grenser i lovverket stort sett alltid opnar for glidande overgangar til dei neste stega; i første omgang til fjerning av føresetnadane som er sette om at det m.a. kun skal gjelda overskytande egg frå kunstig befruktning og i neste omgang til spørsmålet om surrogati.
Det er ikkje stor spådomskunst å rekna med at me no vil få mange kulørte oppslag om enkeltskjebnar der ufrivillig barnløyse kan bøtast på med desse ordningane. Dette har me alt har sett eindel av når det gjeld både surrogati og andre metodar. Og me skal slett ikkje undervurdera smerta hos dei som sterkt ønskjer seg barn, men som av ulike grunnar ikkje kan få det på ”gamlemåten”. Me skal tvert om stadig vera på leit etter måtar å hjelpa dei. Men er det kun teknoligien som skal setja grenser for korleis me set nytt liv til verda? Eller kan det også tenkast at det er etiske vurderingar, kanskje til og med etiske vurderingar som delvis står i strid med ønska til enkeltmenneske, som samfunnet må leggja avgjerande vekt på?
Og her er det eg altså vil meina at me av og til må leggja bort lesebrillene og sjå dei lange linjene i samfunnsutviklinga. Når eg køyrer bil, må eg naturlegvis leggja bort lesebrillene. For eg lærte av køyrelærar Erling at det var særs viktig å sjå langt fram for å koma dit eg ville. Dersom køyringa mi vart litt vinglete og eg stadig måtte korrigera plassringa av bilen i vegbanen, var Erling sitt mantra heilt klart: ”No ser du ikkje langt nok fram. Løft blikket!” Den amerikanske generalen Omar Bradley skal ha sagt: ”Vi må lære å sette kursen etter stjernene, ikke etter lys fra skipene som passerer”.
Kor langt ønskjer me å gå i det å gjera barn til ein ”ting” som vaksne har ”rett på”? Her trengst ideologisk og langsynt tenking, uansett kva ståstad ein har. For ein kristendemokrat, inneber det kristne menneskesynet; at mennesket har uendeleg verdi og ukrenkelege rettar, eit viktig seglingsmerke. Men det at eit menneske aldri må bli eit middel eller ein ”ting” som nokon har ”rett på”, vil eg tru er fellesgods i mange ideologiar. Når debatten om eggdonasjon no skal takast, treng me politikarar som, etter å ha lese enkelthistoriane, legg bort lesebrillene og speidar eit stykke framover for å sjå kva retning samfunnet vårt bør gå i.